Kaldsåni

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Kaldsåni renn stupbratt nedover fjellsida til Hartevatn.

Kaldsåni er ei elv i Bykle kommune som renn nordover og ut i Hartevatnet frå sør. Våren 2011 kom det framlegg frå Småkraft AS om å nytte vatnet frå elva i eit småkraftverk ved å bygge Kaldsåni kraftverk. Elva kjem frå Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde om lag 1000 meter over havet og har eit fall på om lag 240 meter ned til Hartevatnet, som ligg på om lag 755 meter over havet. Når småkraftverket blir bygd, er planen at det skal bli ei minstevassføring på 50 liter i sekundet om sommaren og 15 om vinteren. Det er AS Sætersdalen som er grunneigar og har fallrettane i Kaldsåni.


Kart[rediger]

Laster kart...

Kjelde[rediger]