Nasjonale turistveger

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. mai 2022 kl. 18:26 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Eksterne lenker: rettet skrivefeil)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Steinsdalsfossen i Nordheimsund er ein av attraksjonane langs den nasjonale turistvegen gjennom Hardanger.

Nasjonale turistveger er 18 utvalde vegstrekningar i Norge som går gjennom landskap med unike naturkvalitetar, langs kyst og fjordar, fjell eller fossar. Strekningane skal vere eit godt alternativ til hovudvegane, og køyreturen i seg sjølv skal vere ei god oppleving.

Statens vegvesen har ansvaret for å utvikle attraksjonen Nasjonale turistveger. Hovudkontoret for det daglege arbeidet ligg på Lillehammer.

Setesdal Regionråd har engasjert tidlegare stortingsrepresentant Hans Fredrik Grøvan til å førebu ein søknad til nasjonale styresmakter om å få denne statusen for Riksveg 9. Det er eit siktemål å få sendt avgarde søknaden før sommaren 2022.

Kjelder

Eksterne lenker