Nasjonale turistveger
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Nasjonale turistveger er 18 utvalde vegstrekningar i Norge som går gjennom landskap med unike naturkvalitetar, langs kyst og fjordar, fjell eller fossar. Strekningane skal vere eit godt alternativ til hovudvegane, og køyreturen i seg sjølv skal vere ei god oppleving.
Statens vegvesen har ansvaret for å utvikle attraksjonen Nasjonale turistveger. Hovudkontoret for det daglege arbeidet ligg på Lillehammer.
Setesdal Regionråd har engasjert tidlegare stortingsrepresentant Hans Fredrik Grøvan til å førebu ein søknad til nasjonale styresmakter om å få denne statusen for Riksveg 9. Det er eit siktemål å få sendt avgarde søknaden før sommaren 2022.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd, Søknad om nasjonal turistveg før sommaren, artikkel i Setesdølen nr. 34, 2022, side 6