Setesdal stavkyrkje
Setesdal stavkyrkje er ei planlagt stavkyrkje som ei arbeidsgruppe ynskjer å få bygd ved Setesdalsmuseet på Rysstad. Valle Sparebank og Valle kommune har løyvd midlar til eit forprosjekt. På ein trekonferanse på Rysstad i januar 2020 meinte Knut H. Rysstad i arbeidsgruppa at prosjektet skulle vere fullført innan 10 år. Vinteren 2021/2022 blei det på dugnad bygd ein modell av stavkyrkja, i målestokk 1 til 10. Marton Laksesvela, Øyvind Jacob og Øyvind Mauren var sentrale i det arbeidet. Dei rekna med å ha brukt 2 000 timar på arbeidet.
Det er skipa ei stifting, Setesdal Stavkyrkje, for føremålet. Prosjektleiar er Sandra Birkenes.
Kjelder
- Ole Birger Lien, - Om 10 år står kyrkja der!, artikkel i Setesdølen nr. 7, 2020, side 12
- Olav Åsen Haugsgjerd, Stavkyrkja skal inspirere, artikkel i Setesdølen nr. 24, 2022, side 12
- Torgeir Eikeland, Skal bygge ny stavkyrkje i Setesdal, artikkel publisert på FVN.no 23. mars 2022