Setesdal stavkyrkje
Setesdal stavkyrkje er ei planlagt stavkyrkje som ei arbeidsgruppe ynskjer å få bygd ved Setesdalsmuseet på Rysstad. Valle Sparebank og Valle kommune har løyvd midlar til eit forprosjekt. På ein trekonferanse på Rysstad i januar 2020 meinte Knut H. Rysstad i arbeidsgruppa at prosjektet skulle vere fullført innan 10 år. Vinteren 2021/2022 blei det på dugnad bygd ein modell av stavkyrkja, i målestokk 1 til 10. Marton Laksesvela, Øyvind Jacob og Øyvind Mauren var sentrale i det arbeidet. Dei rekna med å ha brukt 2 000 timar på arbeidet.
Det er skipa ei stifting, Setesdal Stavkyrkje, for føremålet. Prosjektleiar er Sandra Birkenes. Pr. september 2023 er prosjektet kalkulert til ein kostnad på 130 millionar kroner. Ved lanseringa var det 40 millionar.
Kjelder
- Ole Birger Lien, - Om 10 år står kyrkja der!, artikkel i Setesdølen nr. 7, 2020, side 12
- Olav Åsen Haugsgjerd, Stavkyrkja skal inspirere, artikkel i Setesdølen nr. 24, 2022, side 12
- Torgeir Eikeland, Skal bygge ny stavkyrkje i Setesdal, artikkel publisert på FVN.no 23. mars 2022
- Sigurd Haugsgjerd, – Her skal stavkyrkja stå!, artikkel i Setesdølen nr. 58, 2023, side 24