Forsand

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. februar 2022 kl. 13:38 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Forsand var ein kommune i Ryfylke i Rogaland. Kommunen grensa i nord mot Hjelmeland og Strand, i vest mot Sandnes over Høgsfjorden, i sør mot Gjesdal, og i aust mot dei dåverande fylka Vest-Agder og Aust-Agder, med kommunegrenser med Bykle og Sirdal. Kommunen sitt areal var 780 km², og innbyggartalet var 1 238 i 2016. Kommunesenter var Forsand, og hadde aleine om lag halvparten av befolkninga med 504 innbyggere per 1. januar 2021. Jordbruk, turisme, sanduttak og kraftproduksjon var viktige næringsvegar.

Lysefjorden ligg i Forsand.

Kommunen gjekk inn i nye Sandnes kommune frå 1. januar 2020.

Kjelder

Kart