Skjoldmøypila på Helle

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. januar 2022 kl. 12:57 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde + kort om Heddisloptet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Skjoldmøypila 31. desember 2021.

Skjoldmøypila på Helle er ein om lag mannshøg og spiss stein på gardsbruket Der nede på Helle i Hylestad. Steinen skal ha vore noko høgare før. Etter segna skal Skjoldmøyane ha skote pila etter Heilag-Olav då han for gjennom Setesdal. PÅ same bruket står nå også det kjende Heddisloptet.

Johannes Skar seier det slik:

«Me Heddi la skjallmøyann` å `an; dei skut` a stei`pil at o av fjøddé». Hu sette ni jori å «Heddi der ne`i, attenat fjosé; der sto `u i snei de lengste eg kann minnast; men no e `u flutt heim i tuni.»

Kjelder