Austrud (Åseral gnr. 4)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. november 2021 kl. 10:42 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (→‎Kart)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Delar av Austrud 16. oktober 2019.

Austrud (Austrhus) er ein gard (gnr. 4) i Kyrkjebygd i Åseral. Han er ein av dei fire sentrale «fullgardane» som utgjer kommunesenteret Kyrkjebygd i dag. Dei andre er Berg, Åsland og Forgard. Austrud grensar til Berg, og dei eldre husa til begge desse gardane ligg samla på ei rekke langs sentrumsgata.

Historie

Austrud heitte opphaveleg Austrhus. I dag kallar åsdølane han Austrud. Mange gravminne og andre kulturminne på austsida av Logna tyder på at hovudsetet til Austrud var der. Dei hadde då truleg også utmark som låg naturleg og høveleg til på austsida av elva og Ørevatn. Berg eigde truleg marka mellom Logna og Monn, og hadde utmarka si nordover til grensa mot Breland og Smeland. Seinare, kanskje etter Svartedauden, er busetnaden på Austrud blitt flytta over på vestsida av Monn, og gardane er blitt delt opp i marketeigar som ligg om kvarandre. Det tyder på at Berg og Austrud ein gong har vore éin gard.

I 1781 var det ein stor brann i Austrhus (som garden då var kalla). Mest alle husa brann ned til grunnen.

Kjelder

Kart

Laster kart...