Kjerrfoss

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. november 2021 kl. 19:37 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kjerrfoss er eit lite fossefall i DåsånaKallhovd i Dåsvannsdalen i Hornnes, det nedste strykpartiet i elva før samlaupet med Otra. Ved fossen er restar etter sag, ein del av muren står att (store stein). Resten er sprengt vekk. Olav Risdal hadde vassag ved fossen. Han stemte opp elva med ein stor demning av tilhoggen stein og betong. Truleg var det ei renne ned til saga. Staden blei gjerne bruka som vaskeplass i seinare tid. Det var då særleg om sommaren når gardsbekken gjekk tom for vatn.

Kjelder

Kart