Evje Gull og Sylv

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. januar 2020 kl. 09:29 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk
Evje Gull og Sylv.

Evje Gull og Sylv er ei gull- og sylvvareforretning i sentrumsgata i Evje. Forretninga sel for ein stor del gull- og sylvvarer produsert i eige verkstadByglandsfjord. Dagleg leiar er sylvsmed Gunnar J. Helle. Forretninga er organisert i eit aksjeselskap, der dei største aksjonærane er Gunnar J. Helle og kona Torhild Helle. Omsetninga i 2014 var omlag fem millionar kroner. Butikken har kundar frå heile Setesdal og frå Åseral, Byremo, Vegusdal og Hægeland.

Historie

Butikken opna i Evje sentrum i 1987. Sommaren 2017 kunne han feire 30-årsjubileum. Butikken har fleire gonger hatt innbrot. Ved eit innbrot fredag 31. oktober 2014 fjerna tjuvane heile vinduet og tok utstillinga. Men dei vart tekne same dagen av politiet på Evje.

Kjelder

Eksterne lenker