Sylvsmed Gunnar Helle

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Produksjonslokala på Byglandsfjord.

Sylvsmed Gunnar Helle er ein sylvsmedverkstad på Byglandsfjord i Bygland. Bedriften produserer bunadsylv til Aust-Agder, Vest-Agder, Setesdal, Aust-Telemark og Vest-Telemark. Alt sylv er handlaga. Dei tilsette er faglærte sylvsmedar med breie kunnskapar i faget.

Dagleg leiar og innehavar er sylvsmed Gunnar J. Helle. Han etablerte verkstad og butikk på Byglandsfjord i 1973. I dag (2016) er produksjonslokale framleis på Byglandsfjord, medan butikken er flytta til Evje.

Kjelder