Audnedal

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. januar 2020 kl. 10:49 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Oppdatert bildetekst)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Konsmo var adminastrasjonssenteret.

Audnedal var ein innlandskommune i Vest-Agder. Kommunen grensa til Åseral i nord, til Evje og Hornnes og Marnardal i aust, til Lindesnes i sør og til Lyngdal og Hægebostad i vest. Audnedal er også nemninga på dalen som vassdraget Audna lagar, der Sør-Audnedal utgjorde kommunen Lindesnes og Nord-Audnedal var Audnedal kommune. Kommunen hadde 1 750 innbyggarar pr. 1. januar 2016.

Ordførar i Audnedal 2015-2019 var Reidun Bakken. Ho representerte Audnedal Kristelig Folkeparti.

Historie

Audnedal kommune vart oppretta i 1964 ved ei samanslåing av Grindheim, Konsmo og litt av Bjelland. Audnedal kommunestyre vedtok å slå kommunen saman med Lyngdal kommune frå 1. januar 2020.

Kjelder

Eksterne lenker