Faråne

Foto: Hallvard Tveit Berg
Faråne er ei regulert elv i Valle kommune. Den kjem frå Myklevatnet på sørsida av Brokke-Suleskarvegen (Riksveg 45) og renn ut i Otra ved Faremo like nord for Rysstad. I samband med utbygginga av Otra vart det bygd ein liten dam på Furestøyl. Frå dammen går vatnet frå Faråne gjennom ein tunnel til Brokke kraftverk.
Difor er det gamle elveløpet for det meste tomt for vann, det renn bare en liten bekk i elveleiet, som består av glatt fjell med store jettegryter. Vatnet blir godt oppvarma på varme sommardagar, og Faråne har vore eit populært utfartsområde for folk i Hylestad. Men det er alltid fare for flaum i elva, og det har vore dødsulykke ved bading her.