Hardingfele
Hardingfela er ein norsk variant av fiolinen. I tillegg til fire overstrengar, har ho 4–5 underliggjande resonansstrengar. Desse gir den spesielle klangen i ei hardingfele. Det er også lett å kjenne igjen ei hardingfele på dekorasjonane, som tildels er stadeigne. Ei hardingfele kan også kjennast igjen på stolen, som er flatare enn på ein vanleg fiolin. Fingerbrettet har mønster.
I Setesdal er Hallvard T. Bjørgum og Gunnar Stubseid mellom dei mest kjende nolevande spelemennene som brukar hardingfele. Mellom yngre, dyktige spelemenn er Tor Hoslemo og Daniel Sandén-Warg.