TINE Meieri Setesdal

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. november 2018 kl. 00:09 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke i referanse)
Hopp til navigering Hopp til søk
TINE Meieri Setesdal

TINE Meieri Setesdal ligg på Byglandsfjord og er Norges minste meieri. Det er eit spesialanlegg med produksjon av rømmegraut, Setesdalssmør, Kviteseidsmør, Brimi-smør, Ryfylkegome, Lindas kryddersmør og grillsmør. Frå hausten 2017 starta meieriet også opp med produksjon av laktosefritt smør, som det første meieriet i landet.[1] Anlegget handsamar 1,3 mill. liter mjølk, har 8,3 årsverk og 9 tilsette. Meieristyrar er Tor Kåre Helland.

18. januar 2016 kunne meieriet feire at det var 14 år og 5 100 arbeidsdagar sidan det sist var ein skade på arbeidsstokken. Dagen vart feira med besøk av NHO-direktør Siri Mathisen, stortingsrepresentant Ingunn Foss og TINE-direktør Anne Siri Høiland. Sjukefråveret i 2015 var 0,18 prosent. I alle dei tre åra 2013-2015 var det 0.5 prosent eller lågare.[2]

I 2017 auka produksjonen med 12%. Omsetninga var 30 mill. kroner. [3]

I 2018 fekk meieriet Innovasjon Norge sin Bygdeutviklingspris 2018 Aust-Agder[4]

Referansar

  1. Sigurd Haugsgjerd, Ny produksjon styrkjer meieriet, artikkel i Setesdølen nr. 60, 2017, side 4
  2. Ole Birger Lien, 14 år utan arbeidsskadar på meieriet!, artikkel i Setesdølen nr. 5, 2016, side 8
  3. Sigurd Haugsgjerd: Laga smør for 30 mill. kr. i fjor. Artikkel i Setesdølen nr. 7, 2018 side 8
  4. Ole Birger Lien, Meieriet på Byglandsfjord fekk pris, artikkel i Setesdølen nr. 84, 2018, side 12

Eksterne lenker