TINE Meieri Setesdal

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
TINE Meieri Setesdal

TINE Meieri Setesdal ligg på Byglandsfjord og er Norges minste meieri, etablert i 1953. Det er eit spesialanlegg med produksjon av rømmegraut, Setesdalssmør, Kviteseidsmør, Brimi-smør, Ryfylkegome, Lindas kryddersmør og grillsmør. Frå hausten 2017 starta meieriet også opp med produksjon av laktosefritt smør, som det første meieriet i landet.[1] Anlegget handsamar 1,3 mill. liter mjølk, har 8,3 årsverk og 10 tilsette. Produksjonsleiar frå sommaren 2022 er Jostein Nordli frå Øvrebø.[2] Tidlegare meieristyrarar har vore Petter Bru og før det igjen Tor Kåre Helland.

18. januar 2016 kunne meieriet feire at det var 14 år og 5 100 arbeidsdagar sidan det sist var ein skade på arbeidsstokken. Dagen vart feira med besøk av NHO-direktør Siri Mathisen, stortingsrepresentant Ingunn Foss og TINE-direktør Anne Siri Høiland. Sjukefråveret i 2015 var 0,18 prosent. I alle dei tre åra 2013-2015 var det 0.5 prosent eller lågare.[3]

I 2017 auka produksjonen med 12%. Omsetninga var 30 mill. kroner. [4]

I 2018 fekk meieriet Innovasjon Norge sin Bygdeutviklingspris 2018 Aust-Agder[5]

Referansar

  1. Sigurd Haugsgjerd, Ny produksjon styrkjer meieriet, artikkel i Setesdølen nr. 60, 2017, side 4
  2. Sigrid Åsen Haugsgjerd. Han er ny sjef på meieriet, artikkel i Setesdølen nr. 71, 2022, side 4
  3. Ole Birger Lien, 14 år utan arbeidsskadar på meieriet!, artikkel i Setesdølen nr. 5, 2016, side 8
  4. Sigurd Haugsgjerd: Laga smør for 30 mill. kr. i fjor. Artikkel i Setesdølen nr. 7, 2018 side 8
  5. Ole Birger Lien, Meieriet på Byglandsfjord fekk pris, artikkel i Setesdølen nr. 84, 2018, side 12

Eksterne lenker