Kvernåni (Langeid)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. september 2018 kl. 22:28 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet skrivemåten i bildetekst)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Kvernåna Langeid 210918.jpg
Ei flaumstor Kvernåni 21. september 2018.

Kvernåni er ei elv langt sør på Langeid i Bygland. Ho kjem frå Øvre og Nedre Stemtjørn oppe på Langeidsheia, renn ned dalsida og ut i Otra frå vest.

I elva låg kvernene i garden. Det var stem i elva oppe på heia. Bøndene stemde opp om kvelden, så dei kunne male på kvernene om dagen. Etter 2. verdskrigen var det slutt på å male kornet sjølv, og kvernene blei borte.

Kjelder

Kart

Laster kart ...