Hopp til innhald

Steinstogvegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. mai 2018 kl. 07:00 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Fv-322)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Starten av Steinstogvegen sett frå Jordalsvegen 18. mai 2018.

Steinstogvegen er ein bygdeveg i Jordalsbø. Han går frå Jordalsvegen (Fylkesveg 322) oppover (austover) gjennom Såghus til Steinstog, Vollen og Uppsal. Frå Steinstog fortset ein privat bomveg, Eksævegen, oppover i heia til Jordalsvatn og Øy.

Arbeidet med den «nye» Steinstogvegen tok til i 1946 og blei fullført i 1955. Midt på 1980-talet blei han nedklassifisert frå fylkesveg til kommunal veg. På 1990-talet blei traséen lagt noko om i området ved Stuttstog- og Såghusgardane.

Kjelder

Kart

Laster kart ...