Klemmet Torgersen
Utsjånad
Klemmet Torgersen er pensjonert butikkekspeditør på Evje. Han arbeidde i ei årrekke hos Lars Kile AS. No bur han i Tingberget bustadfelt litt nord-aust for Evje sentrum.
Klemmet var ein svært dyktig skihoppar i ungdomen. I 1964 blei han nr. 13 i junior-NM. På Sørlandet var han på denne tida den suverent beste hopparen i sin klasse. Klemmet utvikla seg videre, og blei i 1967 nr. 3 i junior-NM. Han vart også krinsmeister i 1968 og 1969. Han representerte Otra IL.
I seinare år har Klemmet vore ein av dei ivrigaste dugnadsarbeidarane under oppbygginga av «nye» Trollbakken hoppanlegg.