Hopp til innhald

Axel Krogh

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. november 2017 kl. 19:22 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Den gløymde forfattaren)

Axel Krogh (fødd 1892, død 31. desember 1979) var ein norsk forfattar som store delar av livet budde på Langeid i Bygland. Han var son av målaren Asor Hansen (f. 1862, d. 1929) og Anne Kirstine Jensen von Krogh (f. 1861, d. 1919).

Axel Krogh var ein produktiv forfattar, og skreiv 15 romanar i tidsromet 1921-1939. I 1940 melde han seg inn i Nasjonal Samling. Han melde seg ut igjen same året, og tok sterk avstand frå nazismen. Etter krigen blei han frikjend for landssvik. Men han blei støytt ut av «det gode selskap», og blei ekskludert frå Den norske forfattarforeninga. Han slutta å skrive, og gav ikkje ut bøker etter 1939. Historikaren Johnny Haugen kallar han «den gløymde forfattaren».[1]

I 1963 selde Krogh eigedomamane sine i Bygland og flytta bort. Han døydde i Valencia i Spania og er gravlagd der.

Kjelder

Referansar

  1. Johnny Haugen, Axel Krogh (1892-1979) - Den gløymde forfattaren, artikkel i Agder Historielag Årsskrift nr. 89 2017, side 127