Audnedal
Hopp til navigering
Hopp til søk

Konsmo er adminastrasjonssenteret.
Foto: Geir Daasvatn
Audnedal er ein innlandskommune i Vest-Agder. Kommunen grensar til Åseral i nord, til Evje og Hornnes og Marnardal i aust, til Lindesnes i sør og til Lyngdal og Hægebostad i vest. Audnedal er også nemninga på dalen som vassdraget Audna lager, der Sør-Audnedal utgjer kommunen Lindesnes og Nord-Audnedal er Audnedal kommune. Kommunen hadde 1 750 innbyggarar pr. 1. januar 2016.
Ordførar i Audnedal 2015-2019 er Reidun Bakken. Ho representerer Audnedal Kristelig Folkeparti.
Historie
Audnedal kommune slik han er i dag vart oppretta i 1964 ved ei samanslåing av Grindheim, Konsmo og litt av Bjelland. Audnedal kommunestyre har vedteke å slå kommunen saman med Lyngdal kommune frå 1. januar 2020.
Kjelder
- Artikkelen om Audnedal på Wikipedia (bokmål)
- Om samanslåing med Lyngdal kommune på heimesida til Audnedal kommune