Austad gamle kyrkjegard
Austad kyrkjegard er den gamle kyrkjegarden som var då Austad kyrkje stod på Austad. I 1880, då kyrkja på Tveit var ferdig, søkte oppsitjarane på Austad om å få nytte den gamle kyrkjegarden der. Men søknaden vart ikkje imøtekomen, fyrst i 1911 vart han teken i bruk att. 23. juni 1911 vart Knut Tarkjelson Austad gravlagd her. Same året kom oppsitjarane på Austad, Heistad, Ose, Skore og Kile med tilbod om å halde kyrkjegarden der ved like. Det fekk dei lov til.
I 1933 blei kyrkjegarden utvida ved at kyrkjegardsmuren vart flytta 5-6 meter sørover.
I 1932 vedtok Austad sokneråd å byggje eit gravkapell på Austad kyrkjegard. Samstundes vart det vedteke å bygge eit klokketårn der, dette vart vigsla hausten 1933. Tanken var at tårnet skulle tene som våpenhus for gravkapellet, men det vart ikkje bygd. Klokka i tårnet har innskrifta «Dr. J.G. Arneberg, Bjørgulv Skore og andre bygdefolk reiste dette tårn med klokke 1933».
Kjelde
- Bygland Gard og Ætt bind III Austad Ose Skore Kile. ISBN 82-993677-4-3 side 430, spalte 2