Birketveit

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 30. september 2017 kl. 07:16 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Koprt om forholdet til tettsted)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Birketveit med Åkle.

Birketveit er ei grend i Iveland, og det administrative senteret i kommunen. Her ligg kommunehuset, daglegvarebutikk, Iveland kyrkje, alders- og sjukeheim, barne- og ungdomsskule og idrettshall. Birketveit er også eit trafikknutepunkt. Vestover går Fv-403 til Hodne der han møter Setesdalsvegen. Fv-403 går også sørover til Vennesla. Nordover går Fv-291 til Frikstad og vidare austover til Engesland i Vegusdal.

Dei seinare åra har det skjedd ei stor utbygging i sentrum av Birketveit, med nye bustader og sentrumsbygget Åkle med fleire forretningar, kafe og leiligheitar. Kommunestyret i Iveland ønsker å utvikle ein «framtidslandsby» her.

Gjennom Birketveit og ut i Birketveittjønna renn den vesle elva Langsima.

Birketveit oppfyller (2016) ikkje SSB sine kriterier for å bli rekna som ein «tettstad».

Kjelder

Om framtidsbygda Birketveit hos Aust-Agder fylkeskommune

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...