Gunhild Skripeland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. august 2017 kl. 10:42 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Gunhild Skripeland (1903-1969))
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gunhild Skripeland (f. 29. september 1903, død 18. april 1969) var husmor i Mykland, bondekone i Bydalen i Åseral og til sist vaskehjelp i Hornnes. Ho blei påkjøyrd i ei trafikkulykke i Kjetsåkrysset (Rv-9/Fv-42) på Hornnes, og døydde på sjukehuset 12 dagar seinare. Ho kom opphaveleg frå Øvre Dåsvatn i Hornnes. Foreldra var John T. Dåsvatn og Anna S. Dåsvatn.

Gunhild var gift med Ånund Skripeland (f. 1896, d. 1969) frå Mykland. Ånund kjøpte gardsbruk i Bydalen rundt 1933, og her blei familien verande til ca. 1959. Då bygde dei eit lite hus i Dåsnesmoen bustadfelt i Hornnes.

Kjelder