Grunnetjønn (Bygland)

Foto: Geir Daasvatn
Grunnetjønn er eit lite vatn i Bygland austhei (664 moh.). Tjønna ligg like nord for Eksæ, aust for Jordalsbø. Den private Eksævegen går frå Jordalsbø fram til Grunnetjønn, men er stengd med kjetting ved støylen Øy. Det går ei høgspentlinje over vestre enden av tjønna. I dette området ligg også ein einsleg fritidsbustad.