Eksæ
Eksæ er eit vatn på heia tre-fire kilometer sør-aust for Jordalsvatnet aust for Jordalsbø i Bygland. Eksævegen går inn til vatnet frå Jordalsbø. Det siste stykket, frå den gamle støylen Øy, er stengd med kjetting. Men inn til Øy er vegen open mot betaling av bompengar (50 kroner for ein dagstur).
Trodverksåni renn frå Eksæ til Jordalsvatn. I tidlegare tider var det floting av tømmer i denne elva.