Magne Kjetså

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. april 2017 kl. 09:18 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Småpuss)
Hopp til navigering Hopp til søk
Magne Kjetså
Født: 1950 (alder 75–76)

Magne Kjetså (fødd 1950) er gravferdskonsulent og deleigar i Evje og Vennesla Begravelsesbyrå og arbeider også noko i Evje Steinindustri. Han er ein mykje brukt andaktshaldar og talar ved ulike tilstelningar og religiøse møter i Evje og Hornnes og indre Agder. Han er gift med Magnhild Kjetså. Dei bur på Moisund.

Foreldra til Magne var Jon P. Kjetså og Dagny Kjetså. Han har broren Jon Dagfinn Kjetså som også bur på Moisund. To andre brødre, Nils Peder Kjetså og Harald Kjetså, er døde.