Skreland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. april 2017 kl. 16:29 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt historie + kilde)
Hopp til navigering Hopp til søk

Skreland er ein gard (gnr. 37) om lag 2 km nord for Jordalsbø i Bygland. Tunet ligg om lag 430-440 moh. Skrelandsfjellet skråner bratt ned mot garden. Frå Jordalsbø går Skrelandsvegen fram til garden.

Historie

Til ut i mellomalderen var det to gardar på Skreland, Øvre og Nedre Skreland. Nedre Skreland blei lagt øyde i tida rundt den store nedgangen midt på 1300-talet, og kom under Nese. Denne garden blei aldri tatt opp igjen som eigen gard. Han blei i staden brukt som støyls- og slåttemark for dei to gardane i Nese. Når ein i dag taler om Skreland, er det såleis Øvre Skreland ein meiner.

Garden blei delt i to like store bruk like etter år 1600. Noko ut på 1800-talet blei det rydda to husmannsplassar. Rundt 1900 blei desse to slegne saman til eitt bruk. Frå då av var det tre gardsbruk på Skreland.

Kjelder

Kart

Laster kart ...