Hopp til innhald

Nørstevodd (Bygland gnr. 34 bnr. 2)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. mars 2017 kl. 22:39 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenker i bildetekst)
Nørstevodd med Åraksfjorden og Sandnes bak.

Nørstevodd er eit gardsbruk (gnr. 34 bnr. 2) på Skomedal i Bygland. Det er slik namnet syner bruket som ligg lengst nord på Skomedal. Husa ligg rett ved Riksveg 9, med våningshus og Nørstevoddburet på vestsida (oversida) av riksvegen, og uthuset på andre sida, ned mot fjorden. Namnet Nørstevodd skal ikkje ha blitt brukt om bruket før i 1804, men bnr. 2 eksisterte lenge før den tid. Gunstein G. Skomedal er heimelshavar til eigedomen i dag (2017).

Historie

Namnet Gunstein Gunsteinson Skomedal går igjen mellom eigarane av bruket, i minst sju slektsledd.

Kjelder