Nørstevoddburet
Hopp til navigering
Hopp til søk
Nørstevoddburet er eit bur (loft) på gardsbruket Nørstevodd, bruket som ligg lengst nord på Skomedal i Bygland. Det er eit tradisjonelt stort bur av tre, laftebygd av stort tømmer og tekt med torv. Første etasje var til mat, andre etasje til klede. I Bygland gard og ætt vert det opplyst at byggeåret skal vere 1537. På Kulturminnesøk.no er det sagt at byggeåret er 1522.
Nørstevoddburet er automatisk freda etter Kulturminneloven.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VI, utgjeve av Bygland kommune, 2009, side 429
- Om buret på Nørstevodd på Kulturminnesøk.no
- Arne Berg, Norske Tømmerhus frå Mellomalderen, bind 5, utgjeve av Riksantikvaren, 1995