Hopp til innhald

Gunnar Å. Tveiten

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. mars 2017 kl. 12:29 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Gunnar Å. Tveiten)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Gunnar Ånundsson Tveiten (fødd 1899, død 1981) var bonde på gardsbruket Heimtveiti i Nordbygdi og ordførar i Bykle 1952-1967. Han representerte Bondepartiet, frå 1959 Senterpartiet. «Han vart den fremste lokalpolitiske leiaren for motstanden mot oppdemming av Bykil, og vert tillagt mykje av æra og/eller ansvaret for at I/S Øvre Otra til slutt laut nøye seg med byggje ut Bossvatn», skriv Aanund Olsnes i Heimar og folk i Bykle.

Ved sida av politikken, var Gunnar bonde heile livet. I 1968 overtok kona Tora og Gunnar eigedomen av foreldra hennes på Røysland i Valle. Då dei på grunn av oppdemminga av Botsvatn måtte reise frå Heimtveiti i 1973, tok dei med seg krøtera sine og flytta til Røysland. Her levde dei sine siste år.

Kjelder

  • Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle, artikkelen om Heimtveiti, på Lokalhistoriewiki.no