Morstøyl

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. februar 2017 kl. 22:20 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet et par småting mht. formatering og lagt inn noen lenker)
Hopp til navigering Hopp til søk

Morstøyl er ein støyl som ligger under garden Nordigard (Bnr.1) på Frøysnes (Nordre Frøysnes). Støylen ligger sør for Reiårsvatnet og ligg i enden av Morstøylsvegen. Den ligg heilt på grensa til Skomedal mark. Sør for Støylen ligger den gamle kyrkjegarden frå 1300-talet, Greptin. Det er tydelige spor at det har vore fast busetnad på plassen. I 1881, då Lars Liestøl kjøpte garden, tok han ofte med seg fine gjester frå Cristiania (Oslo). Dette var oftest om hausten og han tok til å bygge ein støylsbu med høgare standard som vart kalla «Cristiania Stuen». Nå i dag er denne bua bundet saman med den andre. På Morstøyl var det eit stort stykke dyrka mark. På slutten hadde dei faktisk slåmaskin. Nå i dag er det tre bygningar i alt som står att. Alt til slutt visar at det har vært liv her.

Kjelder

  • Bygland Gard og ætt (Bind 4)
  • Setesdal og Setesdøler, årskrift 2016 (Støylsliv på Frøysnesheia)