Juel Lund (1926)
| Juel Lund (1926) | ||
|---|---|---|
| Født: | 13. juni 1926 | |
| Død: | 18. desember 1996 (70 år) | |
Juel Lund (fødd 13. juni 1926, død 18. desember 1996) var son til Torgeir Lund. Han budde på Evje. Han arbeidde i forretninga som faren dreiv i Evje sentrum, og overtok seinare butikken etter faren. Han vart i 1950 gift med Inger Johanne Lund frå Oslo. Dei fekk tre barn, Ingrid Lund Eide, Kirsten Lund og Tor Idar Lund.
Då Evje idrettslag vart stifta i 1945, vart Juel Lund vald til nestformann.
Kjelder
- Tarald Nomeland: Lund-slekta i Valle-Setesdal 1872-1972 side 11
- Dødsdato opplyst av Jorunn Lund Tveit 23. juni 2016