Bjelland
Bjelland er ein tidligare kommune i Vest-Agder. Han blei oppretta som eigen kommune første gang i 1902. Før dette var Bjelland ein del av Bjelland og Grindheim kommune. I 1962 vart Bjelland kommune slegen saman med Laudal og Øyslebø til den nye storkommunen Marnardal.
Bjelland grensar til Hornnes, og i eldre tider var det mykje meir samkvem mellom dei to bygdene enn det er i dag. Kalland er nabogard til Roland i Bjelland.