Brennevinskleiva

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. januar 2017 kl. 10:24 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Brennevinskleiva Hornnes)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Brennevinskleiva er ein bakke på Kjetsåvegen, mellom Hannåsvollen gård og Riksveg 9. Før riksvegen vart lagt på den gamle jernbanelina over Breiflå, rundt 1965-1966, gjekk byvegen (Setesdalsvegen) om Kjetså. Den aller første køyrevegen oppover Setesdal, Postbegen, gjekk også her frå først på 1840-talet. Namnet har nok oppstått eingong i dette tidsromet. Namnet er godkjend som stadnamn av Statens Kartverk i 1975.

Ved den gamle vegen, det som må vere den eigentlege Brennevinskleiva, har lokale folk hengt opp ein plakat med diktet Gamal veg av Svanhild Londal Lervik.

Kjelder