Brennevinskleiva

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Brennevinskleiva.

Brennevinskleiva er ein bakke på Kjetsåvegen, mellom Hannåsvollen Gård og Riksveg 9. Før riksvegen vart lagt på den gamle jernbanelina over Breiflå, rundt 1965, gjekk byvegen (Setesdalsvegen) om Kjetså. Den aller første køyrevegen oppover Setesdal, Postvegen, gjekk også her frå først på 1840-talet. Namnet har nok oppstått eingong i dette tidsromet. Namnet er godkjend som stadnamn av Statens Kartverk i 1975.

Ved den gamle vegen, det som må vere den eigentlege Brennevinskleiva, har lokale folk hengt opp ein plakat med diktet Gamal veg av Svanhild Londal Lervik.

Kjelder

Kart

Laster kart...