Kilefjorden Camping

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. januar 2017 kl. 09:51 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kilefjorden Camping)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kilefjorden Camping er ein campingplass i idylliske omgjevnader på vestbreidda av Otra, rett sør for Fylkesveg 403 (Ivelandsvegen), heilt sør i Evje og Hornnes kommune. Det er både utleigehytter og oppstillingsplassar for campingvogner på staden, og plass for å slå opp telt. Det er også kiosk og resepsjon, og andre servicebygg av ulike slag.

Det mykje kjende Evjetreffet for MC-folket har blitt arrangert på Kilefjorden Camping i april kvart år av Road Runners MC.

Kjelder