Kvernhusvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Fil:Valle 201216.jpg
Starten på Kvernhusstien ved bekken Gryte.
Foto: Geir Daasvatn
Kvernhusstien er ein tursti som går i gamalt kulturlandskap frå Harstad til Tveitetunet og vidare høgt opp i dalsida til garden Brottveit sør for Valle sentrum. Starten på sjølve stien er ved vegen inn i Harstadgrenda frå sør, ved brua over Gryte. Her er det skilt som syner vegen vidare. Men det er parkeringsplass og informasjonstavle ved Valle skule. Langs stien er det ein rik flora og fleire gamle kulturminner, mellom anna gamle kvernhus i tilknytning til bekken. Det er også mange fine utsiktspunkt både mot nord og vest. Ved enden av stien, på Brottveit, er det ein fantastisk utsikt utover Vallebygda.
Kjelder
- Ellen Svalheim, Registreringer i kulturlandskapet fra Valle sentrum og til Tveiten/Harstad. Valle kommune, registreringsrapport, Fylkesmannen i Aust-Agder, landbruksavdelinga, 2006
- Om Kvernhusstien på dittdistrikt.no