Austre Tveit (Evje og Hornnes gnr. 18 bnr. 1)
Austre Tveit (gnr. 18 bnr. 1) er eit gardsbruk på Tveit i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Husa og uthusa ligg tett attmed Fylkesveg 42. Den kjende symaskinagenten, Torbjørn O. Tveit («Singer»), hadde garden 1931-1948. Det året selde han mesteparten av garden til Torleif Kjetså, og bygde seg nye hus ikkje langt unna sin tidlegare heim. Seinare vart garden seld vidare til andre. I dag er det Sven Reiersen og kona Marit Gjone Reiersen som eig og driv han.
Kjelder
Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 437-444