Hopp til innhald

Grenjåmyra

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. desember 2016 kl. 13:14 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kort om når byggefeltet ca kom)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Grenjåmyra var eit svært myrområde rett «bak» (aust for) Evje sentrum. Det var først Evje Nikkelverk (AS) som eigde myra. Verket brukte den første perioden brenntorv i smelteprosessen. Men Verket trong ikkje lenger brenntorv då dei begynte å smelte med kol, og seinare koks, i staden for med ved og torv. Grenjåmyra blei difor seld til sagbrukseigar Johan Hegland, som dyrka myra opp til jordbruksareal. Mange år seinare, rundt slutten av 1950-talet, blei heile myra lagt ut til Grenjå bustadfelt.

Kjelder