Nortømmer
Foto: Geir Daasvatn
Nortømmer er eit privat tømmeromsetningsselskap med hovudkontor i Elverum. Frå 1. desember 2016 er selskapet etablert med eige avdelingskontor på Evje. Rune Kile og Lloyd Gundersen er firmaet sine kontaktmenn i distriktet. Dei har kontorstad i det nye forretningsbygget i Nordre Leir på Evjemoen, like ved Setesdal Bilruter sitt anlegg og tett ved Riksveg 9. I 2017 er målsettinga å omsette 100 000 kubikkmeter tømmer.
Nortømmer AS vart etablert i 1998, og er eit heileigd dotterselskap av skogeigarorganisasjonen Norskog (etablert 1950).
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd, Nortømmer etablerer seg på Evje, artikkel i Setesdølen nr. 95, 2016, side 9
- Om Nortømmer på selskapet si heimeside