BDO Evje
BDO Evje er ei lokalavdeling av revisjons- og rådgjevingsfirmaet BDO Norge. Kontoret ligg i Ljosheimvegen 1 (Sagatunbygget) i Evje sentrum. BDO Norge er deltakar i det internasjonale BDO-konsernet, som på verdsbasis har omlag 60.000 tilsette.
BDO har fire segment i virket sitt; rekneskap, revisjon, skatt/avgift og økonomisk rådgjeving. Revisjons-delen har vore på plass i Setesdal i fleire år. Frå hausten 2016 ynskja verksemda å styrke dei tre andre arbeidsområda. Line Beate Ekrem vart då tilsett som rekneskapskonsulent.
BDO har i ei årrekke vore hovudsponsor for BDO Idrettsskole som Otra IL arrangerer i Evje og Hornnes kvar sommar.
Kjelder
- Ole Birger Lien, Satsar på revisjon og rekneskap i Setesdal, artikkel i Setesdølen nr. 91, 2016, side 5