Haugenloftet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. november 2016 kl. 20:51 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Om restaurering 2016)
Hopp til navigering Hopp til søk
Haugenloftet i juli 2015. Loftet var då under restaurering.

Haugenloftet er eit eldgamalt loft, bygd i 1217/1218, på garden Nordre Haugen (gnr. 30 bnr. 4) i Åraksbø i Bygland. Loftet er den eldste ståande bygningen i Aust-Agder. Tømmeret i bygningen må ha byrja å vekse i vikingtida, rundt år 800. Haugenloftet er eitt av dei minst ombygde og mest autentiske lofta i landet. Loftet er freda etter kulturminnelova.

Loftet vart restaurert i 1957-1958 og to gonger på 1990-talet. Hausten 2014 starta ei ny restaurering, no av taket. Hallvard S. Nomeland i Sør Restaurering stod for arbeidet. Arbeidet fortsatte i 2015, og var ferdig i begynnelsen av november 2016. Kostnadane for den siste restaureringa var omlag 1,9 millionar kroner. Riksantikvaren gav tilskot på 1,7 millionar, Bygland kommune gav eit tilskot på 120.000 kroner, og eigeninnsats frå eigarane Liv Torhild Nordenå Sørlien og Harald Sørlien var berekna til 100.000 kroner.

Kjelder