Søndre Austad
Søndre Austad er ein matrikkelgard (gnr. 14) på Austad i Bygland.
Austad er delt i to gardar, Nordre og Søndre Austad. Det er ikkje kjent nøyaktig når delinga skjedde. Men det må ha vore i mellomalderen, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt. Innmarka blei då delt, og dei to gardane fekk kvart sitt tun, der husa blei liggande ca. 500 meter frå kvarandre.
Den kanskje fremste sogemannen i Setesdal, Olav Eivindson Austad (1843-1929), var husmann i plasset Odden på Austad. Spelemannen [[Tarkjel Aslakson Austad (1802-1875) var leiglending og bruka mange ulike gardar i Bygland. Rundt 1857 døydde kona hans, Ingebjørg, og Tarkjel slutta å drive gard. Han flytta då opp til husmannsstoga si i Bakken på Søndre Austad. Då han døydde i 1875 budde han hos sonen Salve på Heistad. [[23. juni 1912 vart den svære minnesteinen etter han avduka på Austad gamle kyrkjegard.
Historie
Den første kjende brukaren på Søndre Austad, og på Austad i det heile, er Salve Jonson Austad, (fødd rundt 1430). Søndre Austad var eitt bruk til omlag år 1600. Eigar på den tid var Bjørn Torbjørnson Austad. Han hadde fem søner. To av desse, Ljot Bjørnson Austad og Knut Bjørnson Austad, fekk kvar sin halvpart av garden.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 19 og side 239-430