Gullringfjellet
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gullringfjellet er eit fjell (651 moh.) rett nord for Bertesknapen (652 moh.) på heia mellom Flatebygd og Høvringsvatnet nord-aust i Evje og Hornnes kommune. Det går fin grusveg (stengd med bom) frå Rassevæte ved Fv-306 (Gautestadvegen) fram til Bertesknapen, og vegen passerer også Gullringfjell.
Turløype
Gullringfjellet er ein av toppane i Otra IL ski sitt turopplegg Ti toppars i 2016. Det går merka turløype frå Plassen i Flatebygd. Sommarstid kan ein sykle eller gå på grusvegen frå Rassevæte.
Kjelder
Kart, GISLINE Webinnsyn Setesdal