Gunvor Lande

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. februar 2012 kl. 11:46 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Gunvor Lande)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gunvor Maria Traa Lande (fødd 17. mars 1937 i Ål i Hallingdal) er ein prest og tidlegare misjonær og universitetslektor som bur på Lauvdal i Bygland kommune. Ho er cand.theol. frå Menighetsfakultetet i 1965 og dr.theol. frå Universitetet i Lund frå 2002 med avhandlinga Visjonen om likeverdet. I 1965 reiste ho saman med mannen Aasulv Lande til Japan som misjonær og universitetslektor. Ho hadde teneste i Japan frå 1965 til 1980. Då ho kom heim att til Norge, arbeidde ho mellom anna ved Institutt for kristen oppseding og i Mellomkyrkjeleg råd før ho i 1993 vart tilsett ved Høgskolen i Agder. Ho vart ordinert til prest i 1987 og gjer tidvis teneste som vikarprest i Setesdal.

Gunvor Lande var leiar for «Rådgjevande komité for kvinnespørsmål» i Det lutherske Verdsforbundet frå 1985 til 1992. Ho har og hatt mange tillitsverv i målrørsla.

Bibliografi

  • Visjonen om likeverdet: det økumeniske tiåret 1988-1998 - kyrkjer i solidaritet med kvinner i El Salvador og Noreg, Kenya og Japan Doktorgradsavhandling. Arcus forlag 2002 ISBN 91-88553-09-4
  • Ekteskap og samlivsformer: utgreiing ved eit utval sett ned av Bispemøtet (redaktør) IKO-forlaget 1989 ISBN 9788271122379
  • Kirkens familiepedagogiske ansvar: familien i forandring 2 (redaktør) IKO-forlaget (1987) ISBN 9788271122171
  • Skapande bibelarbeid IKO-forlaget. (1986). ISBN 9788271122164
  • Tverrkulturell oppfostring (redaktør) IKO-forlaget (1985) ISBN 9788271122065
  • Skjulte lys: misjon og kvinner saman med av Hilde Margrethe Voll og Sissel Hodne Steen. Luther forlag (1985) ISBN 9788253174242

Eksterne lenker

læreboktekster og lærebokprosa.