Hovden grendehus

Foto: Destination Hovden
Hovden grendehus er den store samlingsstaden på Hovden. Huset ligg ved sida av Hovden Badeland og grusbanden/ skøytebanen på Hovden. I grendehuset finn ein bibliotek, kino, festsal og gymsal, treningsrom, møtelokale og eit godt utstyrt storkjøkken. Opningstidene i huset er Mandag - torsdag kl. 8—22. Fredag er huset ope til klokka 20, men laurdag og sundag er det stengt.
Resepsjonen er betjent og det er gratis kaffe, te og aviser. Huset har gratis trådlaust internett og på hemsen er det gratis biljard og bordtennis. Huset er på 3250 m² og vart utvida og rehabilitert i 1999-2000.
Setesdalskonferansen 2013 hadde møta i Hovden grendehus.