Otra-kontoret

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. januar 2016 kl. 10:30 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Utvidet litt)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Otra IL sin daglege leiar Tony Halsall ein fin arbeidsdag på kontoret i desember 2008.

Otra-kontoret er klubbkontoret til Otra IL og arbeidsstaden til dei tilsette i idrettslaget i OtrahallenHornnes. Otra sin administrasjon har hatt tilhaldsstad her sidan hausten 2006, då det nye Treningssenteret stod ferdig. Før det var Otra-kontoret i det lafta informasjonsbygget i Evje sentrum, der Aases Verden held til i dag.

Tanken bak å etablere eit eige kontor for idrettslaget, var å få til ein naudsynt møteplass der ein kunne gje og motta informasjon, og der undergruppene kunne få hjelp og støtte i det daglege arbeidet i klubben. På kontoret er det datateknisk utstyr som PC, scannar, kopimaskin, betalingsterminal og anna. Det er også ei posthylle for alle gruppene i idrettslaget. I tillegg har Otra IL og undergruppene eit felles arkiv i Otrahallen. For tida (2016) er det dagleg leiar Tony Halsall og klubbutviklar Jon Gunnar Kjetså som held til på Otra-kontoret.

Kjelder