Hopp til innhald

Otra-kontoret

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. januar 2016 kl. 09:59 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Otra-kontoret er klubbkontoret til Otra IL og arbeidsstaden til dei tilsette i idrettslaget i OtrahallenHornnes. Otra sin administrasjon har hatt tilhaldsstad her sidan hausetn 2006, då det nye Treningssenteret stod ferdig. Før det var Otra-kontoret i det lafta informasjonsbygget i Evje sentrum, der Aases Verden held til i dag. På kontoret er det moderne utstyr som PC, scannar, kopimaskin, betalingsterminal og anna. Det er også ei posthylle for alle gruppene i idrettslaget. I tillegg har Otra IL og undergruppene eit felles arkiv i Otrahallen. For tida (2016) er det dagleg leiar Tony Halsall og klubbutviklar Jon Gunnar Kjetså som held til på Otra-kontoret.

Kjelder