Prestefossen tursti med hengebru

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. januar 2016 kl. 14:17 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kart)
Hopp til navigering Hopp til søk

Prestefossen tursti med hengebru er eit statleg sikra friluftsområde med eit nett av turstiar på begge sider av Prestefossen i Otra i Valle kommune, mellom gardane Nomeland på vestsida av elva og Sagneskar på austsida. At anlegget er statleg sikra inneber at det blir bygd med statleg stønad, og skal vere tilgjengeleg for allmenn ferdsle til «evig» tid. Området er for tida (2016) under utvikling, samstundes som Prestefossen hengebru vert totalrenovert.

Prestefossen tursti blir eit spennande turområde med stiar av ulik kvalitet og lengde. Tanken bak er at det skal vere noko for alle, uavhengig av alder, form og funksjonsnivå.

Anlegget har fram til januar 2016 fått om lag 1,7 millionar kroner i statleg støtte gjennom den nemde ordninga. Valle kommune fekk i 2015 også godkjent ein søknad om 1 million kroner i spelemidlar.

Kjelder

Kart

Laster kart ...